Solfest i Dirdal

 

Vi har intervjua Naomi og Talitha frå 6.klasse om kva dei tenker om solfesten. Solfesten er ein fest vi feirer tidlig om våren når sola kjem fram. Det er lov og kle seg ut og leve seg inn rollen. Me har masse kjekke aktiviteter og et pølser. Når dagen går mot slutten kan ein vinne prisar for best kostyme og best resultat på aktivitetane.

Naomi Helland:

Kva skal du være på solfesten?
På solfesten skal eg være cowgirl. Eg vil være cowgirl fordi det er lenge siden eg eg var det sist.

Kven gleder du deg mest til å sjå kostyme til?
Eg gleder meg mest til å sjå kostyme til Malene, Eva og Tiril. Dei skal være Ole Brumm, Nassenøff og Tigergutt.

Kvifor trur du Dirdal arrangerer solfesten?
Eg trur Dirdal arrangerer solfesten fordi vi ikkje alltid skal ha det kjedeleg på skulen.

Trur du det blir sol?
Ja, men bare bitte litt.

Kva er det kjekkaste med solfesten?
Det kjekkaste er å sjå kostyme til dei andre, og lekane vi pleier å ha.

 

Talitha Øvstebø:

Kva skal du være på solfesten?
Eg skal være ein Liverpoolsupporter, fordi eg har tenkt veldig mykje på mange forskjellige ting men til slutt kom eg fram til dette.

Kven gleder du deg mest til å sjå kostyme til?
Eg gleder meg mest til å sjå kostyme til Tiril, Ho skal være Tigergutt.

Kvifor trur du Dirdal arrangerer solfesten?
For å feire at sola kommer tilbake trur eg.

Trur du det blir sol?
Ja, masse!

Kva gleder du deg mest til?
Å sjå kostyme til dei andre.

 

Av Alida Gilje og Sofie Gilje