Nytt 17.mai tog i Oltedal

Nytt 17.mai tog i Oltedal
Denne 17.mai har 17.mai komiteen i Oltedal bestemt seg for å ha eit eiget tog for kvart klassetrinn. Den klassen som ropar høgast får ein tur til kongeparken. Toget starter kl. 11.15 og går frå kyrkja i Oltedal til fotballbanen.
I fjor så kunne barn frå Oltedal skole gå med fritidsaktiviteten sin i 17.mai toget, men i år kan dei ikkje gå med fritidsaktiviteten sin. Frå dette året har 17.mai komiteen bestemt seg for at barna må gå med skulen sin, medan leiarane fremdeles må gå med den fritidsaktiviteten dei er leiar for. Så i staden for å gå med fritidsaktivitetene vi går på, så må vi gå med skolen. Dette året går vi også mykje tidlegare om morgonen i 17 mai toget. Dette er veldig greit sidan då har vi lengre tid til å ha det morosamt, leike på fotballbanen og vere med på ulike leiker. Det pleier også å vere bingo for barna om kvelden på 17.mai. Kvart år blir det kåra ein vinnar som får ein pokal og hvis ein av fritidsaktivitetane vinn fire år på rad så får dei lov til å beholde pokalen. Dei har også kiosk der nede, der dei sel grillmat, snop, brus og masse anna godt. Dette året er det turnen som styrer kiosken, grillmat og snopet.

6.klasse på Oltedal skole synes det er dumt at dei tradisjonelle aktivitetane skal tas vekk. Klasseleikane er ein leik der du skal konkurrere mot andre i klassen din i ein aktivitet. Det er forskjellige aktivitetar kvart år. Klassen såg på dei som gjekk i sjuande klasse og gleda seg til neste års 17 mai. Dette på grunn av at den aktiviteten dei hadde sist år skulle 6 klasse hatt i år. Det blir det ikkje noko av fordi 17 mai komiteen har bestemt seg for å kutte ut klasse leikane dette året. Det er mange nye folk i 17 mai komiteen og dei ville ha det gamle barnetoget som vi hadde før. Det var også barnetog for nokre år sidan. 6 klasse håper at dei ikkje vil ha dette neste år fordi dei har veldig lyst til å gå med fritidsaktivitetene sine. Nokre av klasseleikane som er igjen er brusdrikking, sekkeløp, potetløp, spise lakris uten hender og slå spiker med hammer.

Vi intervjua Ida i 5 klasse frå Oltedal og Stig Tore frå Oltedal 17.mai komite.

Kva synest du om at 17. mai komiteen har bestemt seg for at barnetoget skal komme tilbake?
Ida: Det går greit men det er dumt at man ikkje kan gå med fritidsaktiviteten sin.

Kva synest du om at Oltedal har sitt eiget tog?
Ida: Det er veldig greit for då slipper du å reise for å feire det.

Kva synest du om at 17.mai komiteen har bestemt seg for at den klassen som har finast tog og som synger finast får lov til å reise til kongeparken?
Ida: Eg syns det var dumt

Trur du at fleire folk vil gå i toget bare pga det?
Ida: Ja alle har vel lyst til å gå i kongeparken

Kva synest du om at dei ikkje skal ha klasseleikane lengre og at dei i staden skal ha leiker for alle saman?
Ida: Eg synest det er veldig dumt fordi det var kjekt å prøve å vinne mot dei som går i klassen.

Synest du at dei skal ha klasseleikene igjen neste 17.mai?
Ida: Ja for då kan du konkurrere med klassekameratane dine, og det er kjekt?

Kva synest du om at fritidsaktivitetane som turnen og fotballen ikkje skal gå?
Ida: Det er veldig teit fordi då kan du ikkje gå med andre vener frå andre klassar.

Kvifor bestemte 17.mai komiteen at klassene skulle gå eit og eit trinn ?
Stig Tore: Fordi det dette året var veldig mange nye komitemedlemmar som ville ha tilbake dei gamle tradisjonane.

Kan du fortelje om nokre av leikane dokke skal ha på banen på 17.mai.
Stig Tore: Dette året skal vi ha kremkasting, sekkeløp, hesteridning, trehjulssykkel løp, lykkehjulet og kasting på boks. Kremkasting er å kaste krem på folk. Sekkeløp er når du hoppar eit løp med ein potetsekk. Hesteriding er å ri ein liten runde på ein hest. Trehjulssykkelløp er når du sykler løp mot andre på trehjulssyklar. Når du spiller lykkehjulet setter du mynten din på eit land som du kan sjå på bordet. Så spinner dei lykkehjulet og hvis det landar på det landet du valde så får du ei sjokoladeplate.

Bilde av Stig Tore Lian
Bilde funnet på internett


Bilde 6.klasse Oltedal skole Foto: Vetle lian
Frå venstre bak er lærar Karl Bredenbekk, Vetle Lian, Emil Alexande,r Gramstad, Emile Kristine Landsgård Wathne, Adrian Nushi,
Frå venstre framme Martin Eikrem, Michal Lopacki, Julie Riveland Gilje, Indianna Desirè Berre, Mari Helland Young og Martin Vatland