Kva med ein liten skatepark i Oltedal?

Skateparken kan gjere at folk ikkje sit inne heile tida.

I Oltedal har vi lite fritidsaktivitetar. Det fører til at mange folk sitter inne og spiller eller ser på TV. Med skatepark som også er gratis kan folk komme seg ut, sjølv om dei ikkje går på fritidsaktivitetar. Det er ikkje alle som synest det er kjekt å gå på korps, turn eller fotball. Da kan dei gå til skateparken. Det einaste som koster ved å gå til skateparken er utstyr.

Kva for nokre fritidsaktivitetar har vi i Oltedal? Som sagt har vi turnen, korps og fotball. I Oltedal har vi også moglegheit f
or å symje i symjehallen. Det er også mogleg å gå på paintball, men det er veldig dyrt. Vi har eit eige område til paintballen i Oltedal.

Turnen bruker gymsalen på Oltedal skole. I Oltedal har vi også ein ballbinge i skolegården og to fotballbanar nede ved butikken. Det er også bra tilbod om symjing på tirsdagar og torsdagar. I forhold til Ålgård for eksempel er dette ingenting. På Ålgård har dei nokon ramper ved Solås ungdomsskole og Bærland skole. Det er dei rampene som er nærmast Oltedal. For å komme til Ålgård må nokon kjøre deg. Det er dumt fordi da må sjåfør vente ved skateparken til du er ferdig. Ein anna moglegheit er å ta bussen. I Oltedal er det veldig dårlege bussforhold, som fører til tapt tid. Mandag-Fredag går det tre busser. Kl. 14.28, 16.00 og 20.32. På fredager går det dei 3 bussane som vi nå har nevnt og i tillegg to bussar kl. 13.40 og 15.00. På lørdag går det buss kl. 11.22 og 15.22. Det betyr at du ikkje bare kan bestemme deg for å dra til skateparken når du vil. Du må planlegge med sjåfør eller vente på neste buss. Det er ikkje alltid du rekker skateparken den dagen du hadde tenkt å gå dit. Det hadde vore greit å ha nokre få ramper i Oltedal istedenfor å bruke masse penger på fritidsaktivitetar. Derfor har vi intervjua Vetle Lian som går i 5 klasse på Oltedal skole. Vi har spurt om han meiner det same som oss.

– Synes du det er bedre å bruke litt penger på ein liten skatepark enn å bruke masse penger på nye fritidsaktivitetar?

– Ja, fordi vi vil ha noko å gjere her i Oltedal slik som dei har på Ålgård.

Det blir ikkje berre mindre pengebruk til fritidsaktivitetar, det vil bli færre som sitter inne og ser på tv eller spiller spill.

– Ville du sittet mindre inne viss vi hadde fått ein liten skatepark i Oltedal?

– Ja fordi det er egentlig ikkje så mykje å gjøre i Oltedal.

Vetle Lian, 11 år

Ein skatepark kunne ha forbedra det sosiale miljøet og folk ville sittet mindre inne. Det er ikkje alle som har råd til å gå på fritidsaktivitetar, da er det fint å ha ein liten skatepark.

– Korleis ville du likt å ha ein liten skatepark i Oltedal?

– Det hadde vore kjekt fordi det er morosamt å skate i ein skatepark. Det er langt å køyre til Ålgård. Av og til kan det også være vanskeleg å finne ein som vil køyre oss til skateparken.

– Ein ting er å ha ein skatepark men trur du folk ville brukt den?

– Ja, eg ville brukt den 3-4 gonger i veka. Eg trur mange andre også ville brukt den. Derfor ønskjer vi at det kjem ein liten skatepark i Oltedal.
I ein skatepark er det fort gjort at folk skader seg. Da er det viktig å bruke beskyttelse.

– Kvifor eit utstyr ville du brukt?

– Eg ville brukt sparkesykkel og hjelm. Andre unger ville kanskje brukt rulleskøyter, skateboard eller syklar. Kanskje dei ville brukt knebeskyttelse, håndleddsbeskyttelse og albuebeskyttelse.
Det er viktig for oss at poltikarane vurderer forslaget vårt. Fordi det er lite å gjere i Oltedal, det er også veldig mange som sitter inne og spiller heile dagen. Da vil de komme seg meir ut med ein skatepark. Det er også vanskeleg for barn i Oltedal å komme seg ut til Ålgård. Vi håper dette forslaget blir sett av politikarane og kommunestyret.

Tekst: Kaja Kristjansdottir Hansen, Thea Lutsi, Casper Solgård Mellingen og Nicholas Hogstad.