Dirdal imponerer kongen

Olsenbanden jr. på rocker’n Foto: NRK

 

Cecilie(14) :

Kva tenkte du når de skulle opptre får kongen?
– Eg blei kjempegira og me fekk vite det av ordføreren først, Mari-Anne sa ingen ting

Var du nervøs?
– Ikkje egentleg. Eg tenkte at kongen er en heilt vanleg person.                                        

Cecilie T. Houler

Var det skummelt?

– Ja, var litt redd for å gjere feil.

Kva følte du før?

– Eg var veldig nervøs for å dumme meg ut i aviser og sånt.

Kva følte du etterpå?

– Letta. Men det var litt dumt og irriterande fordi me er ferdige med alt. 

Såg du kongen?

– Ja, langt oppe i salen.

Kva tenkte du under musikalen?

– Eg tenkte ikkje så mykje.

Såg kongen fornøyd ut?(smilte han)

Ja.

Snakte du med kongen?

– Nei, eg fekk ikkje lov.

Ville du vert kongelig?

– På ein måte. Det er sikkert litt stress, men det hadde vert kult.

Trur du han kjem tilbake?

– Nei, han er jo ganske gammal.

Tuva:(14)

Kva tenkte du når du fekk vite att dykk skulle oppte får kongen?

– Eg var veldig glad!! Kongen!! tenkte eg.

Var du nervøs?

– Nei, eg har gjort det før.

Tuva Campbell

Var det skummelt?                                              

– Nei, eg er ganske trygg på scenen nå.

Kva følte du før du skulle på scena?

– Eg var ganske spent for å sjå kongen.

Kva følte du etterpå?

– Det var godt å være feridg med det, men det var kult å opptre for kongen.

Så du kongen?

– Ja, frå scenen.

Kva tenkte du under musikalen

– Eg smilte og var kjempeglad!

Så kongen fornøyd ut?(smilte han)

– Ja, han smilte.

Snakka du med kongen?

– Nei, det fekk me ikkje lov til.

Ville du vert kongelig?

– Nei, men det hadde vert kult og være populær!

Trur du han kjem tilbake?

– Nei, han er ganske gammel.

Ørjan (14)

Kva tenkte du når du fekk vite det?

– Eg blei overaska og tenkte at det blir morosamt.

Var du nervøs?
– Var ikke så nervøs

Ørjan Lavik

Var det skummelt?                                                            

– Det var ikkje så skummelt.

Kva følte du før?

– Oi, skitt det er kongen!

Kva følte du etterpå?

– Det var ganske avslappande.

Såg du kongen?

– Ja, eg såg kongen

Kva tenkte du under musikalen?

– Eg tenkte på å gjer alt eg skal gjer og å ikkje gjer noko feil.

Så kongen fornøyd ut?(smilte han)

– Ja, eg trur det. Han smilte av og til.

Snakka du med kongen?

– Nei, me fekk ikkje lov.

Ville du vert kongelig?

– Ja, det hadde vart kjempekult.

Trur du han kjem tilbake?
– Nei, rett ut så er han for gammal.

Markus(14)

Kva tenkte du når du fekk vite det?

– Eg tenkte ikkje så mykje over det.

Var du nervøs?

– Nei, men når eg gjekk  opp på scenen så var eg det.

Var det skummelt?
– Nei, kongen såg normal ut.                                                                      

Markus Eggebø

Kva følte du før?
– Eg var nervøs.

Kva følte du etterpå?
– Følte meg letta følte og bra trur eg gjorde det bra.

Såg du kongen?
– Ja

Kva tenkte du under musikalen?

– Ikkje sei noko feil.

Så kongen fornøyd ut?(smilte han)
– Ja, trur det

Snakka du med kongen?

– Nei, vi opptredde først så me fekk ikkje lov til det.

Ville du vert kongelig?

– Nei, det hadde blitt for mykje stress!

Trur du han kjem tilbake?
– Nei, han er kanskje litt gammal ,men eg trur at kronprinsen kjem tilbake , han er jo forsatt ung.

Emma:(14)

Kva tenkte du når du fekk vite det?

– Kongen! Så stas, eg hoppa nesten av glede.

Var du nervøs?

– Nei, egentleg ikkje, eg hadde jo gjort det før, øvd hundrevis av gonger og framført 4 gonger så nei.

Var det skummelt?
– Ja, rett før så var det litt skummelt men eg tenke ikkje så mykje på det.

Kva følte du før?

– Det var ikkje så skummelt eg har jo øvd på det og eg er vant med å stå på scenen.

Kva følte du etterpå?

– Ååå, endeleg ferdig. Ikkje meir Olsenbanden.

Emma H. Antonsen

Såg du kongen?

– Ja, eg såg han frå senen.

Kva tengte du under musikalen?

– Egentleg bare på replikkane mine og sangen min.

Såg kongen fornøyd ut?(smilte han)

Ja, han såg fornøyd ut og han smilte når me sa morosamme ting.

Snakka du med kongen?

– Nei, fekk ikkje lov.

Ville du vert kongelig?
– Nei, for mykje stress og stye. For ikkje fritid liksom.

Trur du han kjem tilbake?

– Nei ,han er litt gammal.