Chromebook i skulekvardagen

Me har intervjua læraren André Skjærpe og eleven Heine Lian i 4. klasse om chromebook. Kva som er bra og kva som er dårleg med chromebook, og om den stel oppmerksomheten til elevane

Før hadde me skrivebøker me sat og skreiv i. Av og til måtte me finne informasjon på internett, men me hadde ikkje egne PC-ar. Lærarane måtte ut å bestille tid med PC-ane før me kunne finne den informasjonen me skulle. Men nå har alle på Oltedal skule sin eigne chromebook i tillegg til skrivebøker. Det er kjekkare og enklare å lage skjemaer og sånt på chromebooken enn å skrive i skrivebøker.

Det er raskt å finne fram og å logge seg inn på chromebooken. Når du kommer inn på chromebooken, kobler den seg automatisk til internett. Han er lettare og mindre enn dei berbare PC-ane. Du kan ha han som PC, nettbrett og alt imellom. Dei kan bli brukt i ca. ti timar når dei er fullada i tillegg til at dei har touch og gode oppdateringar. Det er enkelt å finne informasjon. Nokre gonger er det nokre tekniske problem, som at internettet er vrang. Han gir heller ikkje lyd når du får ein ny oppdatering. Viss du er inne på meldinger lager han lyd når du får ei ny melding, men viss du ikkje er inne på meldinger lager han ikkje lyd når du får ei ny melding. Chromebooken er ikkje vanntett. Den stel også konsentrasjonen i timene. Det er vanskeleg å halde fokus når chromebooken er oppe. Det er av og til du gjer noko anna enn det du skal, så finner læreren ut av det og du får kjeft. Alle elevar på Oltedal skule har chromebook, 1. og 2. klasse får ikkje lov til å ha han med heim. Før chromebooken så var det vanskar med å ha nok PC-ar. Lærarane måtte sjekke om PC rommet eller mediateket var ledig. Da måtte læraren bestille time med PC-ane og nokre gonger var det opptatt. Viss du skulle teikne etter ein teikning så måtte du gå å finne teikninga å skrive den ut med hjelp av PC-ane i mediateket. Dette tok lang tid. Dei gamle pc-ane hadde ikkje så veldig godt nettverk og det tok lang tid å finne fram og logge inn på dei. Her seier Heine Lian fra 4. klasse, kva han syns om chromebooken:

– Kva liker du med chromebooken?
– Eg liker at du kan bare ta skjermen rett opp, og det er betre å skrive, og da er det faktisk leseleg.

– Stel Chromebook fokus i timen?
– Nei, fordi me har ikkje lov å ha den oppe i timen når læreren snakker.

– Er det betre å ha chromebook enn skrivebøker? Kvifor?
– Ja, da treng du ikkje å betale så masse penger på blyantar.

– Synes du chromebooken er treg eller rask? Er det greit å finne lekser?
– Kommer an på nettverket. Det er greit å finne lekser og sånt.
Me har og Intervjua Andrè Skjærpe. Han er IT Ansvarlig på skulen, og er kontaktlærar for 7. klasse

– Kva liker du med chromebooken?
– At alt er lagra i sky og at det er lett å bruka. Han oppdaterer seg raskt og er lett å ha med seg. Han har touch, og alle på skulen har kvar sin.

– Korleis var det å undervise før/etter chromebooken?
– Det var litt likt men det er lettare å undervise nå når me har fått chromebooken.

– Trur du chromebooken kan erstatte lærebøkene i framtida? Grunngi svaret ditt.
– Både òg. Det er lett å finne informasjon på nettet men det er ikkje tilpassa elevane. Ja, men dei digitale lærebøkene må bli billigare fyrst.

– Trur du ein blir mindre merksam når ein brukar chromebook i timane?
– Så lenge en lærer styrer det går det fint men viss ein lærer ikkje er der kan elevene gjere noko anna enn det de skal.

Skolekvardagen har blitt annleis nå når me har fått chromebook. Det er enklare og kjekkare å skriva på chromebooken enn i skrivebøker. Du kan søka på internett viss det er eit ord du lurer på. Du treng ikkje å spørje ein vaksen eller gå ut i mediateket for å logge på ein PC som ofte var oppteken.

Tekst: Mia McKenney, Roksana Gundersen, Magnus Høiland, Eirik Sebastian og Helle Marie Bertelsen Olaussen