Ny gjenbruksbutikk på Ålgård

Hege Vatland (43) skal opna Kreativ Gjenbruk. På Ålgård blir det fleire og fleire butikker. Og det er dei som tenker gjenbruk og miljø som er best.  No kjem det ein ny miljøvennlig butikk. Hege skal ha verkstaden i garasjen og  butikken på nett. Planen er at butikken opnar før sommaren. Ho skal driva med marknadsføring  på sosiale media som: Instagram, LinkedIn og Facebook.

Hege vil driva med kreativt gjenbruk og re-design. Ho held på med forretningsplan og utvikling av webside.  Ho skal selga møbler som har fått endra funksjon eller utsjånad. Hege trur det kjem til å gå bra med butikken hennar. Meir gjenbruk betyr mindre søppel som igjen er lik miljøgevinst. Oda Marie Vatland skal vera med å bidra til butikken.