Å bu på gard er gøy!


Av:
Elisabeth, Sina B, Orvar, Ådne, Torkel og Gabriel

Korleis er det å bu på gard?

Å bu på gard er kjekt, men det har nokre ulemper meiner Elisabeth (11). Ulempene er at det er litt langt borte frå andre vener, meinar Orvar (12) og Sina B (11). Det er kjekt fordi me har dyr å vera med. Det er og kjekt fordi me slepp å bu på stader der det er masse folk og mykje eksos. Me får bu på ein roleg stad, syns Elisabeth, Sina B, Ådne (11) , Torkel (11) og Orvar.

Gabriel (12) meiner at det er heilt greit å bu på Ålgård. Han meiner det er få ulemper for han bur på utsida av Ålgård

Sina B syns det var kjekt å flytte til gard for i byen var det heile tida biler som køyrde fram og tilbake ved huset. Det var dumt å flytte frå alle vennene, men fekk raskt venner på Ålgård.

Intervju til andre i klassen om korleis det er å bu på Ålgård

Kva syns du er fordel og ulemper med å bu på Ålgård?

Martin Ravndal (11): Fordelen er at me er nær vener, butikker og slepp å ta buss lange veier til skulen. Ulempene er at det er mykje støy i Ålgård.

Martin Ravndal

Noah Idland (11): Fordelen er at du ikkje trengå ta buss for å komme deg til skulen og det er liksom 20 meter til butikken. Ulempene er at det er så mange folk og biler så du held på å bli påkøyrd heile tida.

Noah Idland

Bertine Hauge (11): Fordelen er at du bur nær fritidsaktivitet, venner og butikker så du slepp å bli køyrd. Ulempe er at du kan ikkje ha like mange ting

Bertine Hauge

Sina Edland (12): Fordelen er at det er nærare fritidsaktiviteter og du treng ikkje å ta buss til skulen. Ulempene er at det er veldig mykje trafikk og eg får ikkje ha hest.

Sina Edland