Frustrerande i Fredrikstad

Det var ein vanskeleg kamp å spå, på den eine sida var det lett med tanke på at Bryne har hatt ein positiv utvikling og Fredrikstad har vært heilt ubrukelege, men det er tross alt Fredrikstad det er snakk om, som var spådd i toppen og som har ein heile gjeng ok spelerar. Bryne kunne ha fått med seg poeng herifrå, og det er kanskje det at eg har begynt å forventa litt meir av Bryne nå som gjer meg så skuffa over denne kampen.

Hald fram med å lese «Frustrerande i Fredrikstad»

Den deiligaste 2-2 kampen eg har sett

1 poeng på Strømmen i dag er i grunnen litt for lite, men den andre omgangen var fortreffeleg. Det kunne også ha enda med 0 poeng, men anført av Pål Fjelde dominerte Bryne i andre omgang, og var nærmast alle poenga.  Med Strømmen-mål rett før og rett etter pause, så er det skikkelig sterkt med uavgjort i dag. Det er tredje år på rad at eg ser Bryne på Strømmen, og det har aldri vært kjekkare.

Hald fram med å lese «Den deiligaste 2-2 kampen eg har sett»

Gaute Larsen gjer seg

I dag begynte rykter å svirra om pressekonferanse på Bryne. Det er ikkje akkurat optimalt med tanke på å få medier til å stilla opp at ein gjer det lørdag klokka 12 i pinsehelga. Det er kanskje like greit for akkurat nå er det ikkje mange som bryr seg om det som skjer i Bryne, og det ville ikkje akkurat vært ein kioskveltar av ein nyhet om det skjedde på et betre tidspunkt.

Hald fram med å lese «Gaute Larsen gjer seg»

To kampar, ett poeng og tre skader

Eg vett ikkje om der er så mye å sei om dagens kamp, det er ikkje gøy å følga Bryne om dagen. Det har blitt ett poeng på kampane mot Åsane og Jerv, og et uinspirert Bryne er nå på 11., og dalande. Dei tre skadane som har me har fått, virkar og som et omen om at dette ikkje skal gå bra. Forsvaret begynner å bli veldig tynt, og Rets har vist seg som eit stort offensivt talent som kan ble avgjerande for Bryne til tross for at han bare er 17.

Hald fram med å lese «To kampar, ett poeng og tre skader»

Cup er cup, og det er ikkje så stas å vera her i Oslo uansett

Hvis eg kunne velga mellom 3 poeng mot Mjøndalen, eller avansement i cupen, hadde eg selvfølgelig valgt 3 poeng. Det besta som kunne ha kommet ut av cup var kamp mot Viking, men etter den forrige i oppkjøringa kan eg godt venta litt med den neste. Så hvis gårsdagens kamp mot Vidar kan brukas som revansjgrunnlag mot Åsane, så er det ok for min del.

Hald fram med å lese «Cup er cup, og det er ikkje så stas å vera her i Oslo uansett»