Nok ein frustrerande søndag som Brynesupporter

Tok turen til Ekebergsletta i dag, på ein grå dag som blei gråare av det som skjedde der. Et Brynelag som virka motivert fra start, fekk eit par gode avslutningar tidleg, men til slutt endte det med ein solid seier for KFUM Oslo.

Eg synes resultatet er misvisande, og hadde Khalili scora på sin heading fra 2 meter, tidleg i andre omgang, trur eg Bryne kunne fått med seg poeng herfra. Det vil seg ikkje for Bryne om dagen, og nå kan det virka som dei fleste ser for seg at Bryne må ta den tunge turen ned i andre. Det er kjipt, men sånn er det nå ein gang, og det er heller ikkje verdas ende sjøl om det kan føles sånn for enkelte.

Uansett ka som skjer vil der komma ei tid kor Bryne vinne fotballkampar, kjemper om opprykk og produserer feiande flotte fotball av lokale spelerar. Ja, kanskje ein til og med finner ein hovedsponsor igjen!

(PS! sjøl om eg nå ikkje er veldig optimistisk med tanke på denne sesongen, så må ein huska på at Bryne har vært nærmare offisielt nedrykk dei to siste sesongane, enn det dei er nå.)

 

Forfattar: Bjørn Mihle Laugaland

Brynesupporter, født i Stavanger, og bor nå i Oslo. Har vært på alle cupfinalane som Bryne har vært i, og drømme heila tidå om den neste.

Legg att eit svar