Nå brage det ganske så snart laus

Endelig er våren her, og eg kjente det godt når eg blei sittande å se på Tippeligaåpningen i helga, at nå er eg klar for norsk fotball igjen. Eg tilbrakte lørdagen i Holmenkollen og fekk ropt og hoia på skiskytterane, ja, eg sang til og med et par Brynesangar som heilt åpenbart hjalp guttane til stafettgull. Ein kompis av meg traff og ein fra Vigrestad på Afterskien som visstnok hadde jækla lyst å treffa Brynebloggaren, men det møtet materialiserte seg dessverre aldri, men eg håpar sjansen byr seg igjen på Bryne stadion ein gang te våren.

I allefall, me har slått ein del andredivisjonslag, fått på plass et par nye spelerar, og ikkje minst har spelergruppa bestemt seg for at me skal ble topp 6 i år. Masse gode ting der altså, så nå handle det vel nesten bare om å begynna å spela gnistrande gode fotball i kampar som betyr ting, så bler dette ein magiske vår. Denne Rets Grødem begynne å skinna, og med 7 lokale i troppen begynne det å ble ganske så bra.

Det virkar som det er ei tid for steile frontar, folk er klare for å krangla om innvandring, kommunesamenslåingar og dieselbilar. Då tenker eg det er ekstra viktig at ein har arenaer som fotballen kor ein treffer folk som ein ikkje er nødvendigvis er enige i om alt og alle, og ser at me fortsatt har mye til felles, og kanskje det viktigaste i vårt tilfelle, at me elske fotballklubben Bryne.

Eg får dessverre ikkje vært regelmessig på stadion i år, men eg skal være ein ivrig bortesupporter her på østlandet. Eg har allerede begynt å googla mulighetane for å komma seg til Raufoss 17.april, det er tross alt ganske fint der oppe på Toten, og gode sjanser for 3 poeng.

 

 

Forfattar: Bjørn Mihle Laugaland

Brynesupporter, født i Stavanger, og bor nå i Oslo. Har vært på alle cupfinalane som Bryne har vært i, og drømme heila tidå om den neste.

Legg att eit svar