Kan dette gå?!

Eg hater nesten meg sjøl for å begynna å tro igjen, men det er ufatteleg stas å se Bryne vinna kampar, og til og med ein grå onsdag bler eit lyspunkt i livet. Med to ferske tomålsscorerar trenger me kanskje bare ein fjerde midtstoppar for å komma ut av kampar på plussida.

At det er Helle som avgjer er nydeleg, og minner oss på dei tidene når han scora for gøy. Og ikkje minst at denne Ajeti med ei trøblete fortid kan ble den som redder Bryne i ei trøblete nåtid.  Sånne ting gjer meg tru på at der er ei meining med alt her i verden.

På stillinga 3-2 fiskar eg opp mobilen, og begynner å finstudera tabellen. Utgreiinga viser at der er eit ørlite håp, men i såfall må enten Hødd, Fredrikstad og/eller Ranheim svikta grundig i fortsettelsen. Eg ser gjennom dei kommande rundane, ser at lag som Sandnes, Jerv og Sandefjord må hjelpa oss i tillegg, men dét kan jo skje. Det er jo selvfølgeleg midt i disse utgreiinga at Bryne slepp inn sitt tredje mål for dagen, og demonstrerer så fint koffer me ligger der me gjør. Og eg blir nesten letta for eg har jo i grunn gitt opp dette her, og heller begynt å lesa meg opp på kordan 2.divisjon vil fungera i 2017.

Men så er det altså Helle då, som gjer oss eit av få nydelige Bryne-øyeblikk i dennes sesongen, når uret viser 95:09. Og nok ein gang kommer mobilen, tabellen og dei neste serierundane fram. Lærdommen er jo åpenbar her for spelerana: Ikkje gjer som meg å la tankane gli øve på neste kamp før dommaren har blåst av, nå må det ver fullt fokus på neste takling, pasning og duell. Og det versta av alt, dette kan gå!

 

 

 

Forfattar: Bjørn Mihle Laugaland

Brynesupporter, født i Stavanger, og bor nå i Oslo. Har vært på alle cupfinalane som Bryne har vært i, og drømme heila tidå om den neste.

Legg att eit svar