Frustrerande i Fredrikstad

Det var ein vanskeleg kamp å spå, på den eine sida var det lett med tanke på at Bryne har hatt ein positiv utvikling og Fredrikstad har vært heilt ubrukelege, men det er tross alt Fredrikstad det er snakk om, som var spådd i toppen og som har ein heile gjeng ok spelerar. Bryne kunne ha fått med seg poeng herifrå, og det er kanskje det at eg har begynt å forventa litt meir av Bryne nå som gjer meg så skuffa over denne kampen.

1.omgang var ei svak forestilling av Bryne, og det plager meg at ikkje me ikkje tar tak i dette fra starten. Her er det enkle premisser, Fredrikstad skal satsa offensivt, Bryne skal ligga lågt og gå heilhjerta til på overgangar. Det er irriterande å se at dei gangene Bryne har corner, så stormar Fredrikstad framøve hvis dei har sjansen på kontring, mens Bryne roar det ned i tilsvarande situasjonar. Det tok og alt for lang tid før Bryne forstod at denne kampen handla om å skapa overtall på kantane, det var vel tredje ganske like innlegg som resulterte i Fredrikstad sitt første mål, og det var i 2.omgang at Bryne begynte å spela tilsvarande, og blei farligare i angrep.

Eg syns at samtlige Brynespelerar som starta ikkje spelte opp mot sitt beste, men Byskata og Khalili kom inn som friske pust itte pause. Fram til dei kom inn føltes det som dette var same utgave av Bryne som famla dei første kampane av sesongen. Høgdepunktet var Skartun-målet som egentlig var verdt alle dei 180 kronene eg betalte i porten, men det blei ein lang tur tilbake til Oslo med Bryne fortsatt på 11 poeng og begge føtene i nedrykksbataljen.

Eg må og seie eit par ord om Fisketjøns fordømmande blogg om Brynes framferd i forrige søndags kamp. Eg ser poenget hans, det kan vera ein påkjenning å sjå ein Obos-kamp, det er frustrerande å se denne uthalinga av tid som alle lag her i divisjonen holder på med (I går var Fredrikstad-kapteinen borte hos ballgutten bak mål for å instruera han om å bruka betre tid på å gje ballen til keeper før utspel). Eg er fast lesar av bloggen til Fisketjøn og elskar han engasjement for lokalfotballen, men dette er tross alt ein fyr som synest at Bryne og Sandnes burde slå seg i samen for å få spela europaligakamp mot Napoli ein gang i slutten av 2020-åra. Han om det, men det betyr jo og at meg og han har to heilt ulike tilnærmingar til dette konseptet «fotball». Eg vil heller se Bryne smadra Viking, Sandnes og Vard, enn å spela ein av desse totalt uinteressante torsdagskampane i Europa.

Problemet er at Obosligaen er så nådeslaus, at det er ein neve poeng som skillar kvallik fra nedrykk. Og det er kanskje spesielt stressande å ver Brynesupporter her, då eit nedrykk tilsynelatande fort kan få katastrofale konsekvensar. Forrige uke hadde Aftenbladet en sak om Bryne kor Asle Tjøtta uttalte:

«- Jeg hører folk si at Bryne kanskje hadde hatt godt av å rykke ned til 2. divisjon og restarte der. Det er bare tull. Et nedrykk vil sette oss langt tilbake. Dessuten er det beintøft i 2. divisjon.»

Eg kan godt tro at dette er realitetane, men eg tror og at det er ein ekstra belastning for spelerane å kjempa med rygge mot veggen på denne måten. Slik situasjonen er nå, må Bryne seie at ja, det kan hende at Bryne rykker ned, men uansett ka som skjer så skal me ta det, og komma sterkare tilbake. Eg tror og håpar at det ikkje skjer, men det absolutt viktigaste er at me heller spelar for å vinna, enn for å unngå å dø.

.

Forfattar: Bjørn Mihle Laugaland

Brynesupporter, født i Stavanger, og bor nå i Oslo. Har vært på alle cupfinalane som Bryne har vært i, og drømme heila tidå om den neste.

Legg att eit svar