Dystre tankar trenge seg på

Dette framstod jo egentlig som ein klassisk 90-årsdag, det er jo ein trivelig markering, men du tenker jo fort at det beste ligg bak for jubilanten.

 

Ett poeng hjemma mot Ull/Kisa gjer meg vondt i magen. Det er fortsatt tidlig i sesongen, men dette minnar om det eg har sett før. Den bismaken ein får når Bryne scorer mål, for du aner at det ikkje kommer til å vare. Når og angrepspelet er så urytmisk og ineffektivt, og forsvarspelet så ustødig er det ikkje kjekt å holda med Jærens superlag. 175 kroner for ein ståbillett framstår det ikkje akkurat som et kupp for å sjå Bryne spela hjemmakamp. Kunne vært interessant å høre kor mye tilskuerane kunne vært villige te å betala for den forestillingen de fekk se.

Eg skjønner heller ikkje at Bryne skal gjera et defensivt bytte (Fjelde-Retsius) med 15 minutter igjen, er ikkje det ein fallitterklæring? Spesielt virker byttet feil når Bøgild må halta seg gjennom dei siste 10 minuttene.

 

Eg håpar virkelig ikkje at Skartun er ute lenge, for uten han kan dette ble bekmørkt. Andre kan jo tre fram i hans skadefravær, men den duoen som avslutta kampen på topp er ikkje folk som bøttar inn mål om dagen. Ka kan ein gjør for å få dei til å scora? Eg har ikkje peiling, men hvis dei ikkje gjør det så må ein vel nesten sleppa til Retsius på topp, samt Aamodt og Braut Håland. Fekk og med meg at Ystanes scora to mot Vardeneset for B-laget, så bare få han innpå og.

 

Ein får innse at det var flaks at det blei ett poeng i dag, kryssa fingrane for at ein får nok poeng til å unngå 2. div, men akkurat nå tror eg spelerane må se langt etter målesetningen som var kvallikplass. Dette var ein harde landing etter det som tross alt var ein fin kamp i Ulsteinvik, og håpar jo at dette var ei forestilling som ikkje reflektere det som er i vente på Bryne stadion i år. Men eg håpar i det minsta at de som benytta hoppeslottet hadde ein fine tur på stadion.

Forfattar: Bjørn Mihle Laugaland

Brynesupporter, født i Stavanger, og bor nå i Oslo. Har vært på alle cupfinalane som Bryne har vært i, og drømme heila tidå om den neste.

Legg att eit svar