Den deiligaste 2-2 kampen eg har sett

1 poeng på Strømmen i dag er i grunnen litt for lite, men den andre omgangen var fortreffeleg. Det kunne også ha enda med 0 poeng, men anført av Pål Fjelde dominerte Bryne i andre omgang, og var nærmast alle poenga.  Med Strømmen-mål rett før og rett etter pause, så er det skikkelig sterkt med uavgjort i dag. Det er tredje år på rad at eg ser Bryne på Strømmen, og det har aldri vært kjekkare.

Det er første gang eg bloggar etter at Alf-Ingve Berntsen tok over, og har bare fått delvis med meg dei to første kampane hans. Trenarbyttet har dessverre ikkje ført til masse poeng foreløpig, men det eg såg i dag, og det eg har høyrt fra Kristiansund-kampen, så tyder det på at dei har fått ein ny giv. Ungdommane som me vil sjå, og som vel må seiast å ver grunnen til at Berntsen nå har fått sjansen, virker veldig lovande, og i Rets Grødem, Aamodt og Braut Haaland føles det nå som ein får ein bekreftelse på at ungdomsatsinga til Bryne er bra. Ja, kanskje så bra at ein kan oppnå målsetning om fleire egne produkter i startelleveren samtidig som ein har et lag som kjempar seg opp igjen i Eliten.

Eg håpar dei etablerte også sett pris på dei nye tilskudda, for sannsynlegheten for å få bedre medspelerar er nok størst når dei kommer opp fra egne rekker, enn hvis ein skal reise ut og kjøpe dei. Når det er sagt, må også Kastrati nevnas som ein som utmerka seg positivt i dag. Dagens beste for Bryne var Fjelde, og det er ekstra kjekt, i og med at han i likhet med mor mi er fra Jørpeland. Eg har ein del slektningar der inne på Strandalandet som har havna i den villfarelsen som det er å holda med Viking, men med denne karen kan kanskje Bryne få seg ein større tilskuerskare fra Ryfylke.

Det kommer ikkje til å bli lett å overleva OBOS-ligaen i år, men eg tror at dei tendensane ein ser nå, meir aggresivitet og ungdommeleg pågangsmot er det som kan redda oss. Det at Bryne nå innser at dei faktisk er i kampen for overleva virkar gunstig. Det var og god stemning blant dei tilreisande fra Bryne, og den gløden som nå finns blant dei, er nok kjekt for spelerane å ha med seg.

Då er det bare å innstilla seg på eit bikkjeslagsmål mot Sandnes neste søndag, og hvis Bryne tar nye skritt i den kommande veka, er det ikkje utenkeleg at Berntsen får sin første trepoengar, og ein solid fjær i hatten med seier i derbyet. Det einaste som talar mot det er at eg har så inderleg lyst på det, og som fotballsupporter er eg ikkje vant med å få det som eg vil.

Forfattar: Bjørn Mihle Laugaland

Brynesupporter, født i Stavanger, og bor nå i Oslo. Har vært på alle cupfinalane som Bryne har vært i, og drømme heila tidå om den neste.

Legg att eit svar