Cup er cup, og det er ikkje så stas å vera her i Oslo uansett

Hvis eg kunne velga mellom 3 poeng mot Mjøndalen, eller avansement i cupen, hadde eg selvfølgelig valgt 3 poeng. Det besta som kunne ha kommet ut av cup var kamp mot Viking, men etter den forrige i oppkjøringa kan eg godt venta litt med den neste. Så hvis gårsdagens kamp mot Vidar kan brukas som revansjgrunnlag mot Åsane, så er det ok for min del.

Eg er del av eit lite kollektiv her i Oslo, kor residentane opplever litt dårlige tider på fotballbanen. Eg som Brynemann, og han andre som har gleden av å holda med Lyn og Aston Villa. Sånn sett går det bedre for meg om dagen, så det får eg jo ta med meg. Me brukar mye tid på å diskutera kvifor alt går så rakt te helvete, og ka som kunne vært løysninga for de forskjellige klubbane, gjerne på pub. Min kamerat har ein fot inne i Lyn, og har kontakt med enkelte av spelerane. I går kunne han fortella meg at det versta ein spelar kan høyre i motgang er at dei må blø for klubben. For dei prøver virkelig, men det vil seg bare ikkje når det buttar. Det som derimot blei oppfatta positivt var når supporterane i Bastionen satte i gang med: «Alle gutta!». Dette forsøker eg nå å inkorporera i ei litt mørk sjel som har lettare for å se splintar i andres auge, heller enn bjelken i mitt eget, og skal forsøke å få fram det ekta budskapet om kor glad eg er i Brynespelerane, sjøl om den slags ikkje ligger naturlig for meg, eller andre som eg deler etternavn med.

Eg håpar ingen tar det altfor tungt med cupexit mot Vidar, og personleg håper eg Baldvinsson og Jakobsen får gleden av å slå ut Viking, ULF og alle andre dei møter på sin vei til Ullevål.

Det var og heilt topp at det var Oddbjørn Skartun som skulle vera uheldig og bomma på straffe, for han har så mange plusspoeng allerede, og stor nok rygg til å ta den skuffelsen som det sikkert er for han personleg. Bare dei 3 ganske nydelige måla han hadde mot Mjøndalen og ikkje minst cupmålet i Jåttåpåttå, har sikra hans status på Jæren i generasjoner. At han fortsatt er på Bryne er ei gåte, og gjer meg tro på at der er kompetanse nok i klubben til å oppleva betre tider i Time kommune.

Det blei ein sein kveld i går, og me forlot ikkje puben før det blei høfleg foreslått av personalet. Og då eg tømte det sista glasset, hadde me ihvertfall konkludert med at Bryne har ein flotte logo, og at Brynedrakten alltid må ver rød med kvite armar. Og at så lenge det går blod i gjennom meg, så skal eg holda med Jærens Superlag!

Forfattar: Bjørn Mihle Laugaland

Brynesupporter, født i Stavanger, og bor nå i Oslo. Har vært på alle cupfinalane som Bryne har vært i, og drømme heila tidå om den neste.

Legg att eit svar