Bekmørkt

Det ser ikkje lyst ut for Bryne sine muligheter til å overleva Obos i år. Det kan gå, men eg vett ikkje ka som skal til for å få det til. På Twitter er det til og med dei som trur at det hadde vært betre å beholda Larsen. Det trur ikkje eg, men eg har ingen idé om kordan dette skal gå bra.

Ein førsteomgang kor Bryne henger med i svingane, uten å overbevisa på nokon måte. Nok ein gang må ein Brynespelar byttas ut med skade, og det begynner jo å ble ein gjengangar nå. Når Bryne så ikkje klarar å rydda opp i egen boks i det 55.minutt, og det endar i sjølmål, så raknar alt. Det er som om lufta går ut av dei, og det luktar fullstendig resignasjon. Dei har jo snudd det eit par gangar den siste måneden og ihvertfall fått uavgjort, og det har jo vært lyspunkter, men nå virkar det som både spelerane og oss supporterar bare har lyst til bare å ble ferdige med dette Bryneprosjektet.

Det må jo ver frykteleg tungt å jobba i Bryne FK om dagen, eg kan ikkje skjønna at ikkje dette går tungt inn på folk. Sjøl var eg så deppa etter Sandefjord-kampen at eg ikkje orka å blogga i det heila tatt. Det var uansett ingenting å sei. Det er det forsåvidt ikkje nå heller, det virkar liksom som om ingenting funkar. Me kommer til å sleppa inn 50 mål og kanskje scora halvparten slik ting ser ut nå.

På onsdag reiser Bryne til Kongsvinger, ein anna gammal storhet i norsk 1.divisjon. Om me ikkje får eit resultat der, så må vel håpet vera at me kan samlas i botn og komma tilbake like bra som dei nå har gjort. Egentleg trenger eg ikkje eit godt resultat på Gjemselund ein gang, men bare ei anna utgave om Bryne som ikkje kollapser hvis ein skulle sleppa inn mål, for det kommer me etter alle solemerker til å gjer.

For å avslutta positivt så verkar det jo som om rekruttlaget har fått dreisen på det, og med mange juniorar så er jo det rett og slett imponerande. Hadde eg bodd i vest hadde det vært meir fristande å tatt turen på ein 2-lagskamp.

Forfattar: Bjørn Mihle Laugaland

Brynesupporter, født i Stavanger, og bor nå i Oslo. Har vært på alle cupfinalane som Bryne har vært i, og drømme heila tidå om den neste.

Legg att eit svar