3 poeng i mot-medgang

Deiligt med 3 livsviktige poeng for Bryne, men dei sitter langt inne, og det er marginar fra at dette ikkje var spikeren i kista. Helle sitt fyssta mål var verdt den billige inngangsbilletten i seg sjøl, og at Bryne faktisk vinner denne kampen gjer jo ein følelse av at dette kan ble spennande heilt te slutt.

Problemet er jo at Bryne skal ut i ein nye vinn-eller-forsvinn-kamp allereie om ei veka. Kampen må vinnas, og Bryne har gjort det før under lignande omstendigheter i 2012. Det er selvfølgeleg mange andre resultater som må gå veien og nå, men større under har skjedd i fotballen bare dei siste åra.

Men det er vondt å sjå Bryne om dagen, det skal lite til for at ting skal gå skeis. Eg sitter med hjerta i halsen på overtid i dag, og Raufoss får jo som bestilt eit par cornere, kor alt kan skje. Og dette er Raufoss, dei har bare virka som et bra lag ein gang i år, og det snakkar med ikkje om. Bryne kommer ikkje til å sprenga seg ut av nedrykksonen, men i beste fall krypa og klora seg over streken.

Men dei kjempar, det skal dei virkelig ha. Nok ein gang tar eg meg sjøl å tenka på dei neste kampane før jobben er gjort i dag, men det gjer heldigvis ikkje Brynespelerane.

Og denne Marius Helle, han er god som gull. Eg hadde ikkje bytta han mot Breimyr, Vevatne og Nisja i dag. Han, og fleire med han spelar som dei tror på dette, og vil gjera alt for å få det te. Neste helg stiller eg på Jessheim, og det kommer heilt sikkert til å bli lika vanskelig som tidligera, og endå meir nødvendig med eit godt resultat.

Forfattar: Bjørn Mihle Laugaland

Brynesupporter, født i Stavanger, og bor nå i Oslo. Har vært på alle cupfinalane som Bryne har vært i, og drømme heila tidå om den neste.

Legg att eit svar